Innerdører er ein viktig del av innreiinga i eit hus. Ønskjer du ei dør i same stil som resten av romet eller ønskjer du ein kontrast. Uansett kva du vel vil verknaden vere stor for det totale uttrykket.
Når du skal velje ny innerdør, står du overfor mange val. Slett eller med speil, sidefelt, glas eller skyvedør? Tradisjonell kvit eller med farge? Kva dør må til for å oppnå lydisolering frå ungdomsrommet?
Velger du kompakte eller massive dører og i tillegg karm med dempelist, reduserer du støynivået betraktelig. I tillegg unngår du slamringa som du gjerne har erfart frå tidlegare. Kompakte og massive dører kombinert med dempelist i karmen, gjev auka følelse av kvalitet og en behageleg lyd når du lukker døra.
Det kan være vanskeleg å forstå forskjellen på pris og kvalitet på innerdører når dørene ser tilnærma like ut.
Enkelt sagt er det tre forskjellige kvalitetsnivå på innerdører:
Du kan enkelt bytte ut dine gamle innerdører, utan å skifte karm.
«Snap-in»-hengsler vart standard på innerdører i 1972, og dette gjer at man kun treng å bytte dørblad når man ønsker nye dører.